Vannscooterarar kolliderte – to til sjukehus

To menn i 20-åra er sende til sjukehuset i Ålesund med lettare skadar etter å ha kollidert med vannscooter i Borgundfjorden. På spørsmål om det er mistanke om høg fart, svarar operasjonsleiar Borge Amdam at politiet er på staden og undersøkjer kva som har skjedd. Politiet ønskjer å kome i kontakt med vitne.

Author